Innleiing
Innleiing
Live Styve Sæbø, som døydde på 8-årsdagen sin, 24. mars 2006, hadde ein hjerneskade som gav ho mange og store utfordringar. Dei tre siste åra av livet var ho knytt til The Institutes for the Achievement of Human Potential, populært kalla ”Doman-instituttet” i Philadelphia, USA. Gjennom tett oppfølging og intensiv stimulering gjorde ho svært store framsteg, og nådde mål som mange trudde var uoppnåelege for henne.
Verdiane og menneskesynet, energien og motet som låg til grunn for at foreldra til Live valde å ta i bruk metoden, er der framleis, saman med sorga og saknet over å ha mist eit barn.
Stiftinga LIVE ÅTTE er ikkje etablert for å dyrke sorga og saknet, men for å vidareføre engasjementet og bruke den opparbeidde kompetansen, slik at det også kjem andre til gode.
Visjon
Vi vil hjelpe menneske å tre fram
Mål
Med utgangspunkt i Live si historie vil stiftinga arbeide for at barn og unge med særskilte behov får sjansen til å nå potensialet sitt. Stiftinga vil gjennom informasjon og haldningsskapande arbeid inspirere enkeltmenneske og samfunn til å sjå verdien av kvart menneske og dei ressursane det representerer, og å gjere det som skal til for at kvart menneske skal kunne bli det det er.
Verdiar
* Menneskeleg
* Musisk*
* Modig
* Det kreative, det autentiske og det leikne. Heilhetstenking i høve til menneskelege ressursar og utvikling.
Basis
* Det humanistiske menneskesynet
* Ideen om det musiske menneske*
* FN sin konvensjon om barnet sine rettar
Strategi/ arbeidsmåtar
* 2 årlege arrangement; eit kulturarrangement, t.d. konsert eller teaterførestilling, og eit fagleg seminar/ møte med menneske som har ei historie å fortelje
* Tilbod om foredrag/ seminar ovanfor aktuelle faggrupper; pedagogisk personale, helsepersonell, faggrupper under utdanning, i tillegg til andre interesserte
* Heimesida www.liveatte.no
* Innspel i den offentlege debatten
* Ulike prosjekt, som t.d. utarbeiding av opplegg for skulen
Kva har vi gjort så langt
* Minnekonsert våren 2006
* Skulekonsertar (Gisle Børge Styve Trio) hausten 2007 – Ulstein ungdomsskule, Hareid ungdomsskule, Møre ungdomsskule og SUFH
* Fagleg seminar (Magne Domantrener Skåden) haust 2007
* Skulekonsert (Heine Totland og Gisle Børge Styve) hausten 2008 – SUFH (invitasjon gjekk også ut til ungdomsskulen og vidaregåande)
* Fagleg seminar i samarbeid med lokale ressurspersonar på Sandane, Sandane våren 2009