Alternativ julegåve?
Kjenner du nokon som har alt, og som det er vanskeleg å finne ei julegåve til? Kanskje kan eit gåvebrev frå stiftinga Live åtte vere eit alternativ?
Kvart år er det fleire som kontaktar oss og spør om ei alternativ julegåve. Du gjev så mykje du ønskjar, og mottakaren får eit gåvebrev frå oss. I brevet gjev vi informasjon om aktiviteten vår i Nepal; kva vi gjer, kva resultat vi ser, og kva midlane våre går til.
Brevet er skreven av initiativtakar og styreleiar Eli Skaatun.
Om du vurderar ei alternativ julegåve eller har spørsmål om dette, kontakt Eli på mobil 913 02 624 eller e-post [email protected]

FO støttar Live Åtte
Fellesorganisasjonen for barnevernspedagoger, sosionomar og vernepleiarar (FO) i Møre og Romsdal gir 22 000 i stønad til Live Åtte sitt prosjekt i Nepal!
Det var under FO sitt representantskapsmøtet i Kristiansund tidlegare i haust at Liv Meisingseth presenterte prosjektet vårt og la fram ein søknad om stønad til avlastningsprosjektet i Nepal.
FO har ein lang tradisjon med internasjonalt arbeid, både fagpolitisk og solidarisk. Live Åtte er svært takknemleg for at fylkeslaget i Møre og Romsdal går inn og støttar prosjektet vårt. Tusen takk!

Foto: Vikebladet
Besøk frå Nepal
Onsdag 20. september fekk vi gleda av å møte Dewan Pramila igjen. Pramila, som driv prosjektet vårt i Nepal, kom og fortalte korleis det gjekk med avlastningsleiligheita og det nyoppstarta arbeidet med avlastning for familiar som har barn med utviklingshemmingar.
I løpet av dei dagane Pramila var her, besøkte ho høgskolen i Volda, hadde eit møte ope møte på rådhuset og eit eige møte med Sanitetsforeninga i Ulstein, og ho besøkte heimetenestene i Ørsta kommune.
Saman med henne var også Liv Meisingset, høgskulelærar ved NTNU. Meisingset har jobba med utviklingshemma i Nepal i over 30 år. Ho er sikker på at det arbeidet som gjerast av Live Åtte utgjer ein stor forskjel for dei familiane som no får eit tilbod.
Du kan lese meir om møtet på rådhuset her: l- Sikker på at det utgjer ein forskjell

Leeza og ein av assistentane ute i vårsola.
Stor gåve frå Vikemarka barnehage
Eli Skaatun, styreleiar i Live Åtte, fekk tidlegare i år ei svært hyggeleg overrasking; ei stor pengegåve frå borna i Vikemarka barnehage.
Styreleiaren har følgjande historie å dele med oss:
Den 16. november ringer telefonen og i andre enden er Perny Austnes, eigar av Vikemarka barnehage i Ulsteinvik. Ho fortel at barnehagen kvar haust har ein «Barn hjelpar barn-aksjon» og i år vart aksjonen slått saman med markeringa av starten på adventstida. Perny fortel at dei skal ha ei samling i barnehagen fredag 25.november med song av barna, kaffi, kaker og tombola, og med foreldre og besteforeldre som gjester. Når Perny ringer meg er det for å fortelle at dei ønskjer at inntektene frå tombolaen for årets aksjon skal gå til Live Åtte sitt Nepal-prosjekt. Heilt utroleg! Eg tok med meg nokre bilete og eit kart over Nepal for å kunne fortelle historia om korleis Nepal-prosjektet starta og kva som har skjedd sida den gong. To timer med glade ungar gjekk fort, og fleire var nysgjerrige på det eg hadde med meg.
Nokre dagar seinare, den 29. november, kom det tekstmelding frå Perny: Aksjonen innbrakte kr 11.185, som i dag er overført til Live Åtte sin konto. Lykke til videre!!!
Eit av læremåla til i barnehagen er: «Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad.» Perny og ungane har verkeleg gleda oss i Live Åtte og vi takkar på det hjartelegaste.
Du kan lese meir om desse gavmilde borna her: Vikemarka barnehage

Gåvebrev - til den som har alt
Alternativ julegåve
Kjenner du nokon som har alt, og som det er vanskeleg å finne ei julegåve til? Kanskje kan eit gåvebrev frå stiftinga Live åtte vere eit alternativ?
I eit par år no har fleire kontakta oss og spurt om ei alternativ julegåve. Du gjev så mykje du ønskjar, og mottakaren får eit gåvebrev frå oss. I brevet gjev vi informasjon om aktiviteten vår i Nepal; kva vi gjer, kva resultat vi ser, og kva midlane våre går til.
Brevet er skreven av initiativtakar og styreleiar Eli Skaatun.
Om du vurderar ei alternativ julegåve eller har spørsmål om dette, kontakt Eli på mobil 913 02 624 eller e-post [email protected]
Kjenner du nokon som har alt, og som det er vanskeleg å finne ei julegåve til? Kanskje kan eit gåvebrev frå stiftinga Live åtte vere eit alternativ?
I eit par år no har fleire kontakta oss og spurt om ei alternativ julegåve. Du gjev så mykje du ønskjar, og mottakaren får eit gåvebrev frå oss. I brevet gjev vi informasjon om aktiviteten vår i Nepal; kva vi gjer, kva resultat vi ser, og kva midlane våre går til.
Brevet er skreven av initiativtakar og styreleiar Eli Skaatun.
Om du vurderar ei alternativ julegåve eller har spørsmål om dette, kontakt Eli på mobil 913 02 624 eller e-post [email protected]
Leeza og Eli i avlastningsleiligheita i Nepal (foto: Eli Skaatun)
Live Åtte går nye vegar - i Nepal
Mange har høyrt om Live Åtte, stiftinga som arbeidar for at barn og unge med særskilte behov skal få sjansen til å nå sitt eige potensiale. No har stiftinga utvida arbeidsfeltet sitt, ved å ta opp i seg Nepal-prosjektet til Eli Skaatun. – Eg er svært takksamd og stolt over å få bli ein del av Live Åtte, seier Eli Skaatun.
Frå Ulstein til Nepal
Live Åtte starta med vesle Live, som døyde på 8-årsdagen sin 24. mars 2006. Live hadde ein hjerneskade som gav ho mange og store utfordringar. Dei tre siste åra av livet var ho knytt til Doman-instituttet i Philadelphia, USA. Gjennom tett oppfølging og intensiv stimulering gjorde ho svært store framsteg, og nådde mål som mange trudde var uoppnåelege for henne. Verdiane og menneskesynet, energien og motet som låg til grunn for at foreldra til Live valde å ta i bruk Doman-metoden, vart også grunnlaget for å etablere stiftinga; for å vidareføre engasjementet og bruke den opparbeidde kompetansen, slik at det også kom andre til gode.
No, 10 år etter at Live forlet denne verda, har stiftinga vorte kjent med Eli Skaatun sitt prosjekt i Nepal, der ho gjennom vel 2 år har jobba aktivt for å bygge opp og drive avlastning for menneske med utviklingshemning. Prosjektet er nyskapande i Nepal og det blir brukt tid på å bygge «stein på stein» i nært samarbeid med dei det gjelde, foreldra og deira born. Det har samtidig vært viktig for Eli at dette skulle bli et prosjekt som myndighetene fant forsvarleg og ville anerkjenne, derfor har det vore behov for fleire å samarbeide med.
Med denne bakgrunn er det ei glede å kunne fortelle at Stiftinga LIVE ÅTTE no vil engasjere seg i Nepal og jobbe aktivt for at barn og unge med særskilte behov får sjansen til å nå potensialet sitt. Stiftinga vil gjennom informasjon og haldningsskapande arbeid, både nasjonalt og internasjonalt, inspirere enkeltmenneske og samfunn til å sjå verdien av kvart menneske og dei ressursane det representerer, og gjere det som skal til for at kvart menneske skal kunne bli det det er.
Nye folk på laget
Eli Skaatun er ny styreleiar, og ho er svært glad for at initiativtakar Aase Styve fortset i styret. I tillegg har dei fått med seg Inger Annie Molt Rise, Hans Haddal, Iver Olaf Grimstad og Berit Lyngstad.

Leeza! (foto: Eli Skaatun)
Endringar i prosjektet
Da Nepal-prosjektet starta for 2 år sida, var målet å drifte ei avlastningsleiligheit. No blir det nokre endringar i prosjektet.
Kvinnene som driv avlastingsheimen for utviklingshemma i Nepal fortel at dei ikkje kjenner seg trygge på at alle foreldra vil hente borna sine. Foreldra ønskjer seg heller butilbod enn avlasting. I staden for å tilby ein avlastningsheim, vil det vere betre å gje tilbod om avlastning i heimane til dei det gjeld.
Les meir om dette, og Nepal-besøk i Ulsteinvik i denne artikkelen frå Vikebladet: Endringar i Nepal-prosjektet

Leeza sammen med sin mor Pad Mini Bajracharya på ei markering av den internasjonale Down Syndrown Day (foto: Eli Skaatun)
Den spede start
I 2014 møtte Eli Skaatun mor til Leeza. Det skulle endre livet til dei begge.
Leeza var den gong 23 år. Mora tok seg av henne i deira eiga heim. Dei budde på eitt rom i femte etasje, utan heis. Med toalett i første etasje. Etter møtet spurte Eli seg: Kva kan eg gjere for å hjelpe? Tenk om eg kunne få i stand ei leilegheit for Leeza?
Du kan lese meir om dette i denne artikkelen frå Vikebladet: Avlastningsheim i Nepal

Eli Skaatun, ny styreleiar i Live Åtte (©Fotograf Cecilie Hatløy)
Nytt styre i Live Åtte
Eli Skaatun tek over som styreleiar i Live Åtte
I samband med at stiftinga tok opp i seg Nepal-prosjektet, vart det også val på nytt styre. Ny styreleiar er Eli Skaatun. Ho har fått med seg både nye og gamle styremedlemmar. Eli er spesielt glad for at initiativtakar Åse Styve framleis er med.
Det nye styret ser slik ut:
Eli Skaatun (leiar)
Hans Haddal (sekretær)
Inger-Annie Molt Rise (kasserar)
Aase Styve (styremedlem)
Iver Olaf Grimstad (styremedlem)
Berit Lyngstad (styremedlem)